– Det er ein ukultur at enkelte nyttar sankthansfeiringa til å kvitte seg med miljøfarleg avfall, meiner Trygve W. Moxness, som er styremedlem i Norges Miljøvernforbund i Møre og Romsdal.

Det var miljøvernforbundet som varsla Giske kommune om det dei i varselet kalla eit gigantisk avfallsbål.

Krev sortering før påtenning

Og etter dette varselet reiste folk frå Giske kommune på synfaring til bålet. Og dei konstaterte at bålet inneheldt miljøfarleg avfall. Bålet er plassert på kommunal grunn.

Kommunen krev at det miljøfarlege materialet blir sortert ut og fjerna, før bålet blir tent på.

(Teksten held fram under bildet)

Pølser på giftig gass

Miljøvernforbundet er glad for at Giske kommune tok tak i saka. Dei har også fått tips om eit anna bål i Giske og forventar at kommunen også undersøkjer denne saka.

– Det er viktig at kommunen reduserer sannsynlegheita for at barn i Giske kommune utset seg for livsfare ved å grille pølser på giftig blåsyregass eller liknande miljøgifter, meiner Moxness.

I eit brev til kommunen uttrykkjer han også uro for brenning av blåsyredannande granbar. Og han vil ha svar på om Giske kommune tillet granbar på sankthansbål.

Privat søppelbrenning

På synfaringa avdekte Giske kommune også nyleg søppelbrenning på staden. Kommunen er ikkje kjend med kven som står bak dette, men vil følgje det opp. Dette ifølgje brev som konstituert teknisk leiar Øyvind Drabløs i Giske kommune har sendt til ein som har stadfesta å ha med bålet å gjere.

Vedkomande seier ifølgje brevet at det ikkje er han som har køyrt til forureinande materiale.

Drabløs skriv at privat avbrenning av søppel er ei kjend sak på enkelte område i kommunen, men som erfaringsmessig vanskeleg kan etterrøkjast. I dette tilfelle er avstenging av innkøyrsla til området eit mogleg tiltak