Stordal:

Frakta til sjukehuset etter utforkøyring

Ei kvinne er frakta til sjukehus etter å ha køyrt av vegen i Stordal.
Nyheter

- Vi kan førebels ikkje seie noko om grunnen til utforkøyringa. Det har heller ikkje vore involvert nokre andre bilar. Det fortel operasjonsleiar Arild Reite til smp.no laurdag kveld.

Kvinna, som var den einaste i bilen, er frakta til sjukehuset med luftambulanse, men Reite kan ikkje seie noko om skadeomfang.

- No må vi berre vente på å få snakke med sjåføren så vi kan finne ut kva som har skjedd, seier han.

Utforkøyringa skal ha skjedd omlag ein halv kilometer fram i dalen etter avkøyringa til Overøye.