Erna Solberg til Måløy

Statsminister Erna Solberg (H) besøker Måløy, Kalvåg og Florø førstkomande tysdag.

BESØK Erna Solberg kjem til Måløy.   Foto: Terje Bendiksby NTB/Scanpix

Nyheter

På programmet står også eit kort stopp ved Lefdal Mine Datacenter, i Eid kommune, før statsministeren blir guida mot Måløy med gründer Gunnar Carlson i bilen.

I Måløy er første stopp Kulatoppen bu- og omsorgssenter, der statsministeren får orientering om demensomsorg i Vågsøy. Kommunen har tilpassa avdelingar for demente bebuarar på institusjon, og tverrfagleg hukommelsesteam som følgjer opp heimebuande. Dei driv også musikkterapi og har pårørandekurs.

Måløy-besøket blir avslutta med uformelt folkemøte på Torget.

Dette er einaste planlagde besøket av statsministeren i Sogn og Fjordane før valet.