Han tenkjer på ulykka der ein buss hamna utfor fylkesvegen ved Grønning i Valldal. Ein person omkom, og 14 vart skadde.

– Det vart sagt av vegstyresmaktene etter ulykka at det skulle kome strakstiltak. Eg har ikkje sett noko, ikkje så mykje som eit skilt, seier Sandnes.

Breiare veg

Men no kan Ole Jan Tønnesen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, fortelje at vegen skal bli breiare på ulykkesstaden:

– Vi set i verk dette arbeidet til hausten, når turisttrafikken har stilna. Då skal vegen bli ein meter breiare over ei strekning på 250 meter på Grønning.

– Kvifor vart ikkje dette gjort før årets turistsesong?

– Fordi alt tek tid. Vi måtte få på plass ei finansiering først, få ferdig planarbeidet – og kome i hamn med avtalar med grunneigarane. Vi hadde ikkje klart å gjere dette raskare.

Rydda skog

Han seier dei også har gjort enkelte tiltak allereie:

– Vi har rydda skog i ein sving for å betre sikta, og det er sett opp nytt autovern på staden.

Tønnesen legg til at fylkesveg 63 mellom Trollstigen og Geiranger framleis vil vere smal mange stader, og ikkje vere etter dagens krav til vegstandard.

– Dei mange smale punkta gjer også at vi ikkje kan skilte berre dette punktet, seier han.

Medan ordførar Arne Sandnes (Sp) ventar på breiare veg er han redd det skal skje nye ulykker på same vegstrekning.

– Det er venta endå større turistrafikk i sommar. Det betyr fleire og større bussar, fleire bubilar og fleire personbilar. Og mange av førarane er ikkje vande med å køyre på smale og svingete vegar, seier Sandnes.

Han legg til at eventuelle trafikkulykker her er ikkje berre eit problem i høve liv og helse, men også i høve til omdømmet for det populære turistområdet.

Auke i turisttrafikken gjer at ordførar Arne Sandnes fryktar nye ulykker på vegen gjennom Valldal. Foto: Terje Engås