– Eg har venta lenge på dette, fortel Johnny Longva, ein av dei tolv entreprenørane som har møtt opp ved Lepsøyrevet fyr ein solrik, men vindblåst morgon.

Klokka nærmar seg ni, og bil etter bil svingar seg inn på parkeringsplassen ytst på Gamlem i Haram kommune. Med mange gule og oransje jakker på staden, kan ein ved fyrste augekast tru at det heile er ein stor arbeidsplass. Det skal det også bli. I dag starta synfaringa for dei fyrste kontraktane på Nordøyvegen.

– Det er klart det er spennande. Vi som bur ute på øyane har sett fram til dette prosjektet i lang tid. No kan vi snart reise fram og tilbake utan å måtte tenke på ferjeruter og skyssbåtar, smiler Johnny som sjølv bur på Longva og representerer Longva Maskin AS.

Kontraktane som blir presentert gjeld i hovudsak å opparbeide riggområde på Skjeltene, bygging av anleggsvegar, og forskjæringar til tunnelar på Austnes og Longva

Stort prosjekt

Alle dei frammøtte er her for å sjå kva arbeid som skal ut på anbod. I fyrste omgang er det mindre kontraktar, men alle er delar av eit massivt vegprosjekt. Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til rundt 2.900 personar, og knyte dei om lag 10.000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy nærare saman.

Vegen vil også vere med på å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen og gjere Nordøyane til eit meir attraktivt buområde.

– Dette er det fyrste teiknet på at vi skal i gong å byggje om veldig kort tid. Vi er godt nøgde med at så mange forskjellige entreprenørar tok turen hit for å sjå på anlegget vårt, forklarer prosjektleiaren for det heile, Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Kostnadane på prosjektet ligg på 3,8 milliardar kroner, og er venta å vere ferdig i 2023.

 Nordøyvegen frå lufta

Ufordringar

– Ein blir nesten litt nervøs når ein ikkje ser frå den eine enden til den andre, seier planleggar og byggeleiar, Erlend Opstad, med eit smil medan han forklarer entreprenørane dimensjonane på heile prosjektet.

Prosjektet har også fleire utfordringar.

– Vi må tenke på alt ifrå arkeologi til plante- og dyreliv, forklarer Anne Grete Sætre Voldnes, HMS-rådgivar.

Helgapraten: Marianne Nærø frå Vanylven er prosjektleiar for Nordøyvegen