Det er journalistane Guri Kulås og Jens Kihl som tek imot nynorskprisen for journalistar. Det skriv Nynorsk mediesenter i ei pressemelding. Prisen delast ut i Aasentunet i Ørsta på fredag under tilskipinga Medietimen.

Men det er ikkje berre journalistane som får heider denne dagen. Også avisa får skryt for sitt nynorskarbeid.

– Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk, heiter det i grunngjevinga frå dommarane.

Prisen er på 25. 000 kroner og eit trykk av kunstnaren Oddvar Torsheim.