Slik vil Joker Hellesylt lokke til seg barnefamiliar:

Halv pris på babymat, full pris på kondom

På Joker Hellesylt får du babyprodukt til halv pris, medan kondom kostar skjorta. Ein humoristisk vri på eitt alvorleg tema meiner dagleg leiar Svein Olav Sporstøl.

Vil ha fleire barn Slik ser det ut, innlegget Joker Hellesylt har lagt ut på Facebook.  Foto: Skjermdump frå Facebook

Nyheter

På Facebookgruppa til Joker Hellesylt, Ringdal & co. ligg det to bilete ute no av høvevis barnemat og kondom med tilhøyrande tekst: «Heile Juli køyrer vi 50 % på ALT av barnemat, sjå bilete nr. 1 for utvalet vårt. Bilete nr. 2 har vi IKKJE sett ned 50 %».