– Heilt forferdeleg, seier eigaren av katten.

– Det kom inn nokon i går kveld. Eigaren trudde katten var påkøyrd. Den var ute som normalt, og kom tilbake etter ei lita stund. Då sleit den med å bevege bakparten, og å stå på den. Då dei tok i katten var den frykteleg låk. Vi tok røntgenbilde i tilfelle brotskadar, fortel veterinær ved Sherryl-Lynn Spencer ved Veterinær-klinikken Nebb og Klør på Skodje, som då oppdaga at det slett ikkje var snakk om noko påkøyrsel.

– Det var altså ein skotskade. Det tok litt tid å leite fram kula, men vi såg at det var snakk om ei kule frå eit luftgevær, fortel veterinæren.

– Heilt forferdeleg

Sunnmørsposten har vore i kontakt med eigar av katten, som etter innspel frå politiet vil vere anonym. Dei legg til at katten har blitt skoten nedanfrå.

– Med andre ord har det antakeleg skjedd medan katten låg – og ante fred og ingen fare, seier eigaren, som er overbevist om at det ikkje er snakk om eit uhell.

Då Sunnmørsposten snakkar med eigaren, kjem dei rett frå lensmannskontoret på Sjøholt. Der har dei meldt saka til politiet. No håpar dei at å få saka ut i lyset skal ha ein preventiv verknad.

– Det burde i alle fall få den som har gjort det til å føle seg ganske lite smart, seier eigaren.

Gjekk bra

Kula trefte katten inn mot buken, og hamna mellom hovudpulsåra og nervane i bakfoten.

Ikkje fyrste gong

Ein skal ikkje lenger tilbake enn til i fjor, også då vart ein skoten katt tatt med inn til dyreklinikken på Skodje.

– Den gongen var det ein katt som var skoten i hovudet. Kjeven var heilt i øydelagt, og katten måtte avlivast. Då var det hagle det var blitt skote med, fortel veterinæren.