Dei nye drifteiningsleiarane er desse:

Oddbjørn Solheim (51) blir leiar for Norde Sunnmøre og politistasjonssjef i Ålesund.

Guttorm Hagen (59) blir drifteiningsleiar for nye Søre Sunnmøre og lensmann i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt.

Per Karstein Røv (59) skal leie nye Romsdal og vere politistasjonssjef i Molde.

Bjørn Fiske (62) vert leiar for nye Nordmøre og politistasjonssjef i Kristiansund.

I praksis er det på Nordmøre at det skjer ei endring. I dag har Nordmøre tre driftseiningar, dette blir redusert til ei eining ut på nyåret.

Leiarane skal vere ein del av den nye leiargruppa til politimeisteren i Møre og Romsdal.