Ved middagstider laurdag vart første spadestikke for ny fleirbrukshall i Ørsta kommune teke. Stikket vart teke av den pensjonerte snikkaren og idrettsvenen Olav Hovdenakk, godt assistert av Ørsta sin ekstremt sikre straffeeksekutør Stein Aam.

– Hovdenakk er ein av desse eldsjelene som har stått utrøytteleg på, nærast dag og natt i minst 25 år, for å få dette realisert sa ordførar Aam.

Klart for ny storhall: Skuleelevane og idretten vann fram, og politikarane ombestemte seg

Som mangeårig spelar, og minst like mangeårig trenar for Ørsta, var ordføraren bortimot euforisk.

– Dette er ein heilt fantastisk dag for heile Ørsta kommune. Dette handlar om eit lagspel utan sidestykke. Sentrale folk i administrasjonen vår har døgna fram for kommunestyremøte, alt har vore gjort for å  få dette til. Rådmann Wenche Solheim og hennar stab har gjort eiin eineståande innsats for å få dette til, sa Stein Aam mellom anna.

Fleirbrukshallen blir på heile 8.500 kvatdratmeter. Han får tre speleflater, friidrettsanlegg, klubbhus og alle tenkjelege funksjonar. Også eit badebasseng er prosjektert.

«Høyr på Oss!» Elevar demonstrerte for storhall