I fjor blei det avdekka betydeleg svikt mellom anna i korleis barnevernet i Søre-kommunane følgte opp barn under omsorg i perioden 2013-15.

Tal for 2016 viser betring, men at ein framleis ikkje oppfyller lovkrava. I dei sju kommunane fekk 61 av 89 barn oppfølgingsbesøka dei hadde krav på, medan 60 av 97 barn fekk tilsynsbesøka dei hadde krav.

Alle kontrollutvala bad om ei svar før sommaren på at svikten var teke tak i. Berre Vanylven har førebels fått godkjend utan merknader for si oppfølging.

«Ikkje tilfredsstillande»

Alle kommunane – bortsett frå Sande som har fått utsett frist – har svara.

Men både i Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta etterøysta utvala dokumentasjon på arbeidet frå den interkommunale barneverntenesta. I Hareid bemerka ei samrøystes utval at tidsaspektet og tilbakemeldinga frå barnevernet «ikkje er tilfredsstillande».

I saksutgreiinga blir det påpeika at arbeidet i Hareid sitt tilfelle - er ei oppfølging av undersøkingar gjort i 2014, der det er gitt stadig nye fristar for tilbakemeldingar på at anbefalingar frå revisor er følgt.

– Det er eit tankekors i høve det området og den sårbare gruppa denne forvaltningsrevisjonen gjeld, heiter det i sakspapira.

Også i Herøy er det etterspurt papir, men her har ikkje kontrollutvala hatt møte etter fristen for tilbakemelding.

Her kan du lese sakspapira frå kontrollutvala (ekstern lenke)

(saka held fram under)

Meir om denne saka:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn - les rapportane

Uroa over situasjonen i barnevernet (for abonnentar)

Gjekk fire år utan avlasting: Turte ikkje be om hjelp (for abonnentar)

Innlegg frå rådmannen i Volda: Fokus på barnevern

Leiar av kontrollutvalet refsa samarbeidet: Rådmann vil ikkje undersøke påstandane (for abonnentar)

Levert, men ikkje sjekka

Fredag fekk Sunnmørsposten opplyst av sekretariatsleiar Jostein Støylen at dokumentasjonen frå barnevernstenestene for Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda er motteke, men førebels ikkje sett nærare på.

Leiar Ivar Mork i kontrollutvalet i Ulstein seier prosjektet er avslutta om kommunerevisjonen seier seg nøgd med svara, men at det er aktuelt med fleire barnevernsrevisjonar.