Det slår Mattilsynet fast. Nettinggjerda kan bli ei dødsfelle for lam og vakse sauer som viklar seg inn i nettingen.

– Dersom det er straum på gjerdet, vil dyra rykke raskt unna, seier avdelingssjef Kristin Ness i Mattilsynet.

Sist fredag fortalde vi her i Sunnmørsposten at Sykkylven kommune slo alarm etter å ha motteke fleire meldingar om dyr på beite som hadde sett seg fast i nettinggjerde på fjellet.

Tilfeldigvis drog to inspektørar same dag ut på oppdrag i Stranda, etter å ha motteke ei melding om det same der.

– Vi vil kontakte både eigar av gjerdet og kommunen om dette gjerdet, seier Ness.

Regelbrot

Ho seier det er brot på regelverket om dyrevelferd å setje opp slike nettinggjerde utan å kople til straum.

– Du veit, graset er alltid grønare på andre sida. Så sauen vil ofte prøve å få tak i dette. Då er det lett for at den viklar seg inn og set seg heilt fast i gjerdet. Det unngår ein ved å setje straum på gjerdet, seier Ness.

– Då var det ein jeger som skar laust dyret.

Avdelingssjefen legg til at Mattilsynet ikkje har kapasitet til å inspisere gjerda oppe på fjellet. Men dei aksjonerer om dei får bekymringsmeldingar.

Skar laust

Ein annan som har berga eit dyr er Arve Ørskog.

– Eg løyste i førre veke eit lam som var vikla inn i ei gjerdenot utan straum ved ei hytte i Sykkylven. Lammet hadde vanskar med å puste, og hadde vikla seg fast med fleire tørn rundt hals og føter, fortel han.

– Etter at eg fekk det laust, fekk det kontakt med flokken og såg ut til å klare seg bra. Saueeigar blei kontakta om hendinga, legg Arve Ørskog til.

Sykkylven kommune har lagt ut denne meldinga:

«Kommunen har forståing for at hytteeigarane kan oppfatte beitedyra som ei utfordring. Dersom ein set opp stengsler rundt hytta bør ein likevel ha i tankane at det kan skape feller for dyra. Dersom ein vel å setje opp eit straumgjerde må ein passa på at gjerdet er tilstrekkeleg stramt og at ein set på straum. Regelmessig tilsyn er viktig ved bruk av straumgjerde. Skal du forlate hytta i lengre periodar, må du ta ned gjerdet».