Statsadvokaten har teke ut tiltale mot mannen som i mars i år blei varetektsfengsla, sikta for alvorleg narkotikakriminalitet.

To gongar på ei veke var mannen stoppa med narkotika som politiet meiner skulle seljast på søre Sunnmøre.

Strafferamme på ti år

Ifølgje tiltalen blei mannen allereie i 2015 teken med amfetamin på Austlandet. Samla handla det den gong om oppbevaring av rundt 300 gram.

I mars i år blei han igjen stoppa på Austlandet, med 1,5 kilo amfetamin i bilen, ifølgje tiltalen. Nokre dagar seinare oppbevarte han 525 gram amfetamin og 525 gram hasj på ei adresse i Volda.

Brotsverket har ei strafferamme på inntil ti år fengsel.

Forsvararen til mannen, advokat Morten Bjønness, har tidlegare opplyst til smp.no at mannen erkjende oppbevaring av stoffet med ein gong. Han viste politiet kvar dei kunne finne det, men seier stoffet var til eige bruk.

Fekk ut 20.000 på stole bankkort

Mannen, som ifølgje tiltalen har adresse Volda, er også tiltalt for fleire andre forhold.

På ein butikk i Volda stal han ei lommebok med Mastercard og kode, som han seinare brukte til å få ut 19.800 kroner frå minibank. Han handla også varer for 600 kroner, ifølgje tiltalen.

Drapstruga på Facebook

Mannen er også tiltalt for å ha drapstruga to personar, blant andre ein Nav-tilsett. Truslane blei blant anna sett fram i meldingar på Facebook. Også ein tredje person skal ha blitt truga via Facebook.

På den lange lista av tiltalepunkt er også vald mot to personar, knusing av glasruter i ei leilegheit, narkobruk, sal av amfetamin, kjøp av hasj, køyring i amfetaminrus og spytting på politiet.