Havgaprock blei for første gong arrangert i fjor. Festivalen gjekk i null i fjor, og mannen bak arrangementet seier at dei då tør å stelle i stand festival i år også.

– Det var så kjekt i fjor. Vi har hatt ein plan om at viss det går bra, så arrangerer vi festival på nytt, fortel styreleiar Preben Austnes Lorgen.

Han fortel at tilbakemeldingane frå fjorårets festival var positive. No håper han at Havgaprock kan bli ein fast tradisjon.

– Vi håper på over 500 i år. I fjor var det 400 på festivalen, der 300 kjøpte billettar i døra. I fjor var det relativt lokalt tilreisande frå øyane rundt og Ålesund. I år ser det ut som det kjem folk frå Stavanger. Vi ser at det spreier seg litt, seier Lorgen.

Vil knyte lokalsamfunna saman

– Det har vore splid mellom desse to øyane, men vi ønsker å knytte desse lokalsamfunna saman, fortel Lorgen.

10.000 besøkte Sommerfesten på Giske Arrangøren tror kø-kaoset i 2016 gjorde at færre besøkte Sommerfesten på Giske denne gangen. Gler seg til stemninga

Lorgen meiner dei er attraktive og kan vere med å konkurrere blant dei større festivalane.

– Vi satsar ikkje på dei største artistane, men på dei kulaste. Blant anna er Kjartan Lauritzen på veg opp, og Drusar er veldig kul i sin sjanger. Vi blandar også inn lokale band, og det gir ein veldig god miks, meiner Lorgen.

– Eg gler meg mest til å gå rundt på området og sjå på folk som har det gøy. Det å ha jobba så lenge med festivalen og deretter sjå at folk har det kjekt, er det beste.

Miks av musikk: Havgaprock 2017 kan by på både rap, pop og rock. Biletet er ifrå fjorårets festival. FOTO: Vegard Halkjelsvik.