Bekymring i Stranda kommune

Slår alarm om beredskap i Geiranger

Beredskapen er ikkje bra nok under turistsesongen i Geiranger, meiner brannmenn, ambulanse og turistpersonell. Stranda kommune forstår kritikken.

Har 230 fastbuande og dei fleste er engasjert i turistnæringa. Men likevel er det dei fleire hundre tusen turistane som kjem kvart år som no er med på å så bekymringar om beredskapen i Geiranger er god nok.  Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Nyheter

– I Geiranger har vi ingen vaktordning som brannmenn. Vi kan ikkje gi ein 100 prosent garanti for at brannvesenet er på plass på kort varsel, fortel Jon Erlend Vinje. Han er brannmann i Geiranger ved sida av annan fulltidsjobb.