Manglande beredskap i Geiranger:

– Stranda kan ikkje ta heile støyten

Med Geiranger som gallionsfigur for norsk reiseliv, meiner ordføraren det er urimeleg at Stranda kommune ikkje får meir støtte.

Tryggestad: – Reiselivssituasjonen i Geiranger trekk millionar til Noreg. Derfor bør staten engasjere seg meir når det kjem til forholda i Geiranger, forklarer ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad.  

Nyheter

– Det blir festtalar og støtteerklæringar, men når det kjem til dei harde realitetane følar eg både staten og andre aktørar skuggar bana. Då sit kommunen til slutt med ansvaret og ein stor økonomisk post, forklarar Jan Ove Tryggestad (Sp).