– Åtte hopparar får vere med i finalerunden frå Helsetkopen ved Hellesylt. Her skal den raskaste hopparen kårast.

Det seier Cato Nordbakk, ein av arrangørane av årets utgåve av World Base Race.

Når vi får tak i 36-åringen frå Dyrkorn på telefon, står han på toppen av fjellet Bispen (1462 moh.) ved Trollstigen.

– Kan du ringe opp igjen? Eg skal til å hoppe no, seier han.

– Eg landa trygt på Horgheim i Romsdalen, forklarer han. Cato Nordbakk har over 600 basehopp på samvitet. Men under World Base Race skal han administrere, ikkje hoppe sjølv:

Hoven

HOVEN Trening og kvalifisering vil skje her frå Hoven i Loen torsdag og fredag. ARKIV

– Det blir først trening og kvalifiseringshopp frå Hoven (1011 moh.) i Loen torsdag og fredag. Der tar vi heisa opp, og hoppar ut frå restauranten.

Kor mange som skal kjempe om ein av dei åtte plassane i finalen, er ikkje heilt klart enno.

– Truleg blir det ein stad mellom ti og 20. Mange ventar heilt til det siste med å melde seg på. Dei vil først sjå kva slags vêr det blir, seier Nordbakk.

Jetman på Sunnmøre: Hoppa frå fjelltopp - med jetmotor på ryggen

Sjølve finalen finn altså stad frå fjellet Helsetkopen (1200 moh.) ved Hellesylt.

Det er meininga at finalen går laurdag. Men også her vil vêret avgjere endeleg tidspunkt.

– Dersom vêrvarselet er dårleg for laurdag, vil vi kanskje prøve å gjere unna finalen fredag ettermiddag eller kveld, legg Cato Nordbakk til.

Og dårleg vêr for ein basehoppar er sterk vind, mykje regn – eller skodde.

Mellom dei som allereie er påmelde finn vi basehopparar både frå Norge, Frankrike, Australia, USA og Polen.

Niande gongen

Dette er niande utgåve av World Base Race frå Helsetkopen.

– Vi likar oss her. Helsetkopen er eit trygt fjell å hoppe frå, mellom anna med eit 300 meter loddrett stup. Dessutan blir vi alltid tekne imot med opne armar hos Martin Janssen. Det er på jordet hans vi brukar å lande, legg Cato Nordbakk til.

– Kva seier du til dei som meiner dette er ein farleg sport?

– Ikkje frimerkesamling.

– Jau, du kan døy av keisemd, ler Cato Nordbakk.