Bjarne Kvalsvik dreg sverdet for forsvarleg ferjetilbod – etter totalt maskinhavari

Dette hevdar fylkestingspolitikar og lokalpolitikar Bjarne Kvalsvik. Han viser til at bilferja «Kvam» fekk motorhavari for om lag ein månad sidan. Sidan har ei reserveferje trafikkert sambandet Larsnes, Åram, Kvamsøy og Voksa. Sambandet har i lang tid vore utsett for manglande politisk prioritering og vilje, hevdar Bjarne Kvalsvik.

Kjempesmell

– Det er fortalt at smellet frå maskinhavariet til «Kvam» kunne høyrast i fleire kyrkjesokn.

– Eit smell som også burde kunne brukast som ei vekking av dei som står bak ferjetilbodet der ute, insisterer Bjørne Kvalsvik.

Stoppa midfjords Her ligg bilferja Kvam midtfjords utanfor Kvamsøya. Foto: Gunnar Ristesund

Han har ved ei rekkje tilfelle teke opp saka om eit trygt og sikrast mogleg samband til øyane vest mot Svinøy-havet og Stad. Strekningane i sambandet er så havnære at det må eigne sertifiseringar til for å kunne drive ferje her lovleg.

– Dette er kanskje ein del av problematikken, at ferjeselskapet Norled rett og slett ikkje har mange nok fartøy til å drive ruter ut mot opne havstykke.

– Dette burde det i langt større grad vore teke høgde for også hos anbodsutlysaren Møre og Romsdal fylkeskommune, hevdar Kvalsvik. Han var nyleg på fylkestinget som politikar for Upolitisk liste for Sunnmøre. Også der nytta Kvalsvik høvet til å ta opp ferjesaka.

40 år gamle ferjer

Roparen Bjarne Kvalsvik frå Kvalsvika i Herøy har ikkje tal på alle gongane han har ropt opp eit varsku for ferjesambandet litt lenger syd i fylket. No gjer han det på nytt: – Eg finn nesten ikkje ord for at eit så livsviktig samband ikkje vert prioritert høgare, seier Kvalsvik.

– Vi må berre hugse på at dette er kring 40 år gamle og svært slitne fartøy, seier Kvalsvik. Han er kritisk til også sjølve tilbodet om bord, der det manglar tiltak for rullestolbrukarar, og universell utforming.

Tilbakeviser

Driftsingeniør Gudmund Fjørtoft i Norled as sender på si side kritikken i retur.

– Vi erkjenner motorhavariet, og situasjonen er som han er. Men vi har tiltak klare viss noko skjer. At vi må bruke eldre og små ferjer skuldast fylkeskommunen, som ikkje vil bruke pengar på tidsmessige ferjekaier, seier Fjørtoft.