Brannen på Leikanger på Stadlandet blei varsla klokka halv tolv onsdag kveld, ifølgje meldinga som politiet har lagt ut på Twitter.

Dei som budde i huset var vekkreist.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det forbipasserande som oppdaga brannen. Dei såg mykje røyk frå bustaden og melde ifrå.

Ein frykta først at det var folk i huset, men ein fekk snart stadfesta at ingen var heime.

Brannen spreidde seg raskt til store deler av huset, som blei totalskadd.

Natt til onsdag blei det også meldt om røykutvikling i eit bustadfelt på Sula.  Det viste seg å vere bålbrenning.