Det skriv Bergens Tidende. (krev abonnement)

Skal det bli noko av Hordfast, må prisen ned, sa statsminister Erna Solberg i vinter, ifølgje avisa. Og no meiner Statens vegvesen at dei har funne ei løysing som kuttar prisen på brua over Bjørnafjorden med åtte milliardar kroner.

Den planlagde motorvegen mellom Stord og Os,  Hordfast, er tidlegare rekna til å koste 43 milliardar kroner, men vegvesenet har no kutta prisen ned til 35 milliardar kroner.

Ifølgje bt.no var prisen på den fem kilometer lange flytebrua i E39-sambandet i fjor komen opp i over 25 milliardar kroner.

Prisen er kutta ved flytte  ilandføringsstaden for gigantbrua frå ei kunstig fylling til ei øy. Ein har også redusert stålmengda.

Hordfast vil fjerne ferjesambandet Halhjem - Sandvikvåg.