Kuttar milliardar på E39-bru

Statens vegvesen meiner brua på E39 over Bjørnafjorden i Hordaland kan byggjast langt billigare enn tidlegare rekna med.

Flytebru Slik kan ei flytebru på E39 over Bjørnafjorden kome til å sjå ut. Illustrasjon:  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Det skriv Bergens Tidende. (krev abonnement)

Skal det bli noko av Hordfast, må prisen ned, sa statsminister Erna Solberg i vinter, ifølgje avisa. Og no meiner Statens vegvesen at dei har funne ei løysing som kuttar prisen på brua over Bjørnafjorden med åtte milliardar kroner.

Den planlagde motorvegen mellom Stord og Os,  Hordfast, er tidlegare rekna til å koste 43 milliardar kroner, men vegvesenet har no kutta prisen ned til 35 milliardar kroner.

Ifølgje bt.no var prisen på den fem kilometer lange flytebrua i E39-sambandet i fjor komen opp i over 25 milliardar kroner.

Prisen er kutta ved flytte  ilandføringsstaden for gigantbrua frå ei kunstig fylling til ei øy. Ein har også redusert stålmengda.

Hordfast vil fjerne ferjesambandet Halhjem - Sandvikvåg.



Nasjonal Transportplan:

Hafast dyraste prosjektet på E39

Med ein pris på 65 milliardar kroner kostar kostar ny ferjefri E39 mellom Volda og Ålesund kring éin milliard per kilometer.



Nye sjokktall for Hafast

E39 fra Volda til Ålesund vil koste 64 milliarder kroner. Brua mellom Hareid og Sulesund har fått en ny pris på svimlende 38 milliarder kroner.



E39 mest lønnsom i sør

Fjordkrysningen mellom Stavanger og Bergen er den klart mest lønnsomme på E39. Å krysse Sognefjorden er minst lønnsomt.