Lærlingane Birgitte Ranvik Bjørnland (22) og Ingrid Fjørtoft Klokk (19) har tatt på seg oppdraget med å vere gudmødre for den splitter nye, båten «Ingebrigt».

Dei er to av ni lærlingar hos Vard Brattvåg. Bjørnland har jobba i Vard i tre år, Klokk i eitt år som ein del av vidaregåande skulegong. Dei to arbeidarane er semde i at dei nok får litt særbehandling.

– Vi får nok fort litt meir hjelp enn det gutane får, fordi vi er jenter.

Sånn sett synest dei det er komfortabelt å vere to av fem fast arbeidande kvinner.

Måtte tilby noko matnyttig

Produksjonssjef og ansvarleg for lærlingane, Per Stian Reitan har tatt på seg findressen, på same måte som at gudmødrene har lagt vekk den raude arbeidsdressen og trekt i bunand.

Reitan har ivra for at lærlingane skulle få bygge eigen båt i ei årrekke. Då det var litt mindre å gjere i fjor haust, realiserte han planane.

– Vi plikta å ha noko matnyttig å tilby lærlingane våre, seier han.

Vard har totalt 69 lærlingar for augenblinken, kor majoriteten arbeidar ved ei avdeling i Møre og Romsdal.

7500 millimeter lang

Skal studere Vegard Bjørkedal har jobba ein del med å sveise stål hos Vard Brattvåg. No skal han på skolebenken i Ålesund. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Vard er nøgde med resultaet: ein sjølvlensande, solid arbeidsbåt med romsleg dekk. Under opninga vart storleiken oppgitt som 7500 millimiter lengde og 3000 i breidda. Lærling Vegard Dale Bjørkedal (20) har sveisa mykje av båten.

– Han er fire tonn, så ganske tung, men til gjengjeld er det ein godt sveisa båt med solid baugs, seier han.

Båten skal settat i arbeid på verftet.

Les også: Vard bygger krillfartøy til en milliard

Sårbare arbeidsplassar

Då Vard bygga gigantskipet «Normand Maximus», måtte «Ingebrigt» pent finne seg i å vere eit sideprosjekt. Det visar at det er behov for arbeidarane, lærling eller ei.

Rekordskipet er i arbeid

– Det er viktig for oss å rekruttere engasjerte lærlingar, som ikkje er redde for å ta i eit tak, seier produksjonssjef Reitan.

– Vi har hatt suksess med lokale tilsette, fordi dei gjerne blir lengre i bedrifta, seier han.

Men, det er også ei kjennsgjerning at den maritime industrien på Sunnmøre har motvindt. Vegard Bjørkedal innser at også hans arbeidsstad, Vard Brattvåg, er sårbar.

– Eg skal studere ingeniør-fag hos NTNU i Ålesund, før eg legg lengre planar, seier han.