Ulstein med ny designavdeling

Ulstein oprettar ny trondheimsbassert avdeling som skal drive med design av cruise og passasjerbåtar.

Cruisedesign Her er eksempel på eit cruisedesign frå Ulstein  Foto: Pressefoto

Nyheter

- Dette er ei avdeling under Design & Solutions. Vi opplever at Trondheim har eit sterkt og godt teknologimiljø som vi ynskjer å knytte oss tettare til, forklarer Lene Trude Solheim kommunikasjonssjef i Ulstein.

Nye stillinger

Ulstein søker etter ein avdelingsleiar og senioringeniørar innan følgjande område: struktur, elektriske system, skipsdesign, hydrodynamikk, hydrostatikk og stabilitet, maskineri/ventilasjon (HVAC), innreiing, 3D CAD. Avdelinga vil bli etablert i sentrumsnære lokale i Trondheim. Solheim seier at nokre av stillingane også kan bli plasseri i Ulsteinvik.