– Å flytte «ut på gata» i Malakoff-veka er med å gjere kontakt med kommunen lettare for folk. Samtidig er det viktig for Eid kommune å vere synleg og lett tilgjengeleg når 10.000 menneske kjem til Nordfjordeid på Malakoff Rockfestival. Eid er for tida inne i ei rivande utvikling med folketalsvekst og nye etableringar – og vi ynskjer endå fleire velkomne i åra som kjem, seier ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Nytt opplegg for barna

For sjette gong flyttar kommunen ut. Dei skal ha utekontor på Badstuplads i Eidsgata og har i år eitt nytt opplegg for barna.

«Nytt av året er at Eid kommune har laga eit spesielt opplegg retta mot born for å syne fram «Bornas Nordfjordeid», med eige barnekart over Eid og rebusløype. Alle born som besøker uteordførarkontoret og har løyst rebusen, vil få gåve og helsing frå ordføraren», heiter det i meldinga.

Onsdag 19. juli er også Selje kommune å sjå på Badstuplads. Då skal nemleg Selje og Eid ha felles «uteordførarkontor», der dei mellom anna skal prate om nye Stad kommune.