Australske Christopher Byrnes gjekk av med sigeren etter å ha fått tida 27,508 sekund, 0,461 sekund raskare enn Kyle Loebpris som tok andreplassen. Finalen, som eigentleg skulle avholdast laurdag, blei flytta til søndag grunna dårleg vêr.

– Vi måtte flytte finalane til søndag på grunn av dårleg vêr laurdag. Det seier arrangør Cato Nordbakk. I alt var det elleve påmelde fordelt på fleire nasjonar.

– Vi hadde deltakarar frå mellom anna Canada, USA, Australia og Russland i tillegg til Norge, seier han. Den eigentlege planen var å arrangere delfinalar laurdag der to og to hoppa, og den med best tid gjekk vidare, men dette lét seg ikkje gjere.

– Nei, vi vil ikkje ha to og to side om side når det er så dårleg vêr. Derfor flytta vi finalane til søndag. Vi valde å berre la ein deltakar hoppe i gangen for å minske risikoen, også vann han som hadde den beste tida, seier Nordbakk.

Resultat

  • Christopher Byrnes: 27,508 sekund

  • Kyle Loebpris: 27,969 sekund

  • Levi Mellows: 29,514 sekund

  • Jayson Moledzki: 30,333 sekund

  • Rudy Cassan: 31,620 sekund

  • Tom Erik Heimen: 33,654 sekund