Utstøytt. På utsida. Høyrde dei rundt meg snakke om jenta som melde to gutar for overgrep tidleg i 2016, og kor sjuk etter merksemd ho måtte vere. «Tenk å skulde nokon for noko slikt. Rasistisk. Tragisk rett og slett».

Mine vennar og familie fekk høyre om ho som sikkert fortente det. Av folk som i ettertid har funne ut at det var meg dei snakka om.

Kva fordel fekk folk av å snakke så nedlatande offentleg? Var det ingen som tenkte at jenta fekk med seg alt dei sa, eller at ho allereie hadde nok å uroe seg over? Fåtalet visste kven det var dei uttalte seg om.

Tenk deg om, det kunne vere ein bestevenn, eit familiemedlem, ein kollega eller ein nabo. Og her sit du då, i kantina på jobb, og seier at jenta sikkert bad om det. Du seier det framfor foreldra hennar, utan hemningar. For folk visste ikkje.

Les intervju: «Eg forstår ikkje at nokon kan seie slike ting utan å tenke på konsekvensane for den det gjeld» (for abonnentar)

Om du var klar over kven du snakka til, hadde du aldri sagt noko. For all del, hald det skjult. Om ingen høyrde det du sa, så har du ikkje sagt det, ikkje sant? Det er nemleg slik at folk snakkar. Ofte om ting dei ikkje har noko med.

Folk finn på løgner og snur på sanninga. Berre for å halde seg relevante i kantina på jobb. Jo meir du veit (eller trur du veit), jo fleire vil ha kontakt med deg. Det er kult å sitte på skandaløs informasjon. Enten du har funne det opp eller om det er sant.

Det blei ei jakt på ho som turte å seie ifrå. Det vart ikkje akseptert å melde til politiet, og eigentleg burde ho teiast i hel. For ein må ta omsyn. For meg, kjendest det ut som at han som vart meld, fekk all støtta.

I etterkant har eg funne ut at mange vel å ikkje seie det dei eigentleg meiner, i frykt for å bli stempla – noko eg fullstendig forstår. Plutseleg var eg ein rasist fordi eg behandla innvandrar som nordmenn. Det er her eg føler at fokuset vart sett på feil del av saka.

Den blei kalla «Asylsaka». Ikkje overgrepssaka.

Ingen fortener å gå gjennom det eg har fått erfart. Ei slik sak skal ikkje handle om nordmenn eller innvandrarar. Dei som har opplevd overgrep, trakassering eller valdtekt fortener ikkje skepsis. Å bli fråteke kontrollen over sin eigen kropp skal ikkje bli sett på som lett, og angår stadig fleire.

I etterkant av eit traume treng ein støtte, forståing og respekt, ikkje bygdesnakk.