– Ein klarer ikkje å sikre alle stader, seier Anita Nøring i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Ein tysk 60-åring døde som følge av at han falt i ned i Muldalsfossen i Norddal, søndag.

Nøring har tidlegare sjølv gått opp til fossefallet.

Slogen vart Sukkertoppen

Nøring fortel at dei samtalar grundig med turistar som ønsker å oppleve noko spektakulært. Mellom anna har det kome folk som har bestemt seg for at dei skal på det vidgjetne fjellet Slogen (1564 m.o.h.).

– Etter å ha prata litt om kor lang den turen er, og kva det faktisk krev, valte dei Sukkertoppen (314 m.o.h.) i Ålesund i staden, fortel ho.

Nøring legg til at dei har lagt mykje arbeid i årets brosjyre, der mange turar er merka med svart: «for erfarne fjellfolk». For råd om klede og utstyr, rår Destinasjon Ålesund og Sunnmøre dei besøkande til å snakke med DNT. Ho medgir at informasjonsarbeidet ikkje alltid fører fram:

– Enkelte personar trosser både åtvaringar og fysiske hinder, seier ho.

– Blir i så fall mykje å sikre

Roar Saure leia Sunnmøre alpine redningsgruppe, med forsterkningar frå tilsvarande gruppe i Romsdalen, under aksjonen. Dei fann mannen, etter å ha rappellert ned til ein kulp. Saure trur offeret først sklei på eit svaberg ved elva over fossen.  Om den forulykka mannen var godt skodd eller ei, veit han ikkje.

Her er tweeten frå politiet som bekrefta dødsfallet:

Dette var andre gong han var på aksjon i Muldalen, første gong var i 1995, av same grunn. Førre gong Sunnmøre alpine redningsgruppe var med på ein aksjon som involverte dødsulykke i elv, var då ein 12-åring fall i Videelva i Stryn i 2013. Han synest sikringsdiskusjonen er vanskeleg.

SUNNMØRE ALPINE REDNINGSGRUPPE:

  • Har lokale grupper i Ørsta & Volda, Sykkylven og Ålesund, med til saman 35 medlemmar.

  • Leiar er Odd Staurset. Gruppeleiar for Ørsta & Volda, Roar Saure, var aksjonsleiar etter ulykka i Muldalen 9. juli.

  • Oppstod på 70-talet, då tindevegleder Ola Einang tok initiativ til ei ringeliste med klatrarar som kunne bidra i krevande aksjonar.

– Det blir i så fall mykje ein kan sikre på Sunnmøre. Vi ser at enkelte uansett tar seg forbi stengsla, fortel han.

Saure stiller fleire spørsmål i samband med meir sikring:

– Dersom det sikrast mykje, kan det då hende at folk vil ta seg lenger inn på fjellet? Det kan gi meir omfattande redningsaksjonar. Og kven skal vedlikehalde det, spør han.

– Derimot kan merking vere eit godt alternativ mange stader, seier han. Saure legg samstundes til at mange ønsker å oppleve så urørt natur som mogleg, altså utan for mykje merking.

Tilrår å nytte guidar

– Då eg var på Trolltunga for eit par år sidan, var det første som møtte meg ein redningsaksjon, fortel Anita Nøring.

Ho fortel at turistnæringa har stadig fleire naturguidar å tilby. og trekk mellom anna fram det velrenommerte firmaet Norgesguidene. Når det gjeld Muldalen, seier ho at Valldal naturopplevingar har guidar som kan lose folk trygt til og frå fossen.

Så, dersom du ikkje er fjellvant, bruk lokale guidar. Det er hovudbodskapen frå Nøring.