Valgte å flytte frå Ulstein etter sterk rykteflaum

Jenta som i fjor anmeldte to gutar for overgrep i Ulstein blei utsatt for så sterk rykteflaum at ho flytta frå bygda.
Nyheter

– Folk snakka om at «ho hadde sikkert på seg lite klede eller at ho sikkert nok hadde flørta». Dette har blitt sagt framfor meg og familien. Eg fekk også stygge meldingar og truslar frå ulike personar. Det kunne i meldingane stå «kven trur du at du er». Det blei til at eg såg meg over skuldra og følte alle snakka stygt om meg. Det var ubehageleg og skummelt, fortel tenåringsjenta.