Karolina har med andre ord blitt godt kjend med både Valldalen, jordbær og nordmenn dei siste åra, og ho seier at ho har blitt glad i jobben.

– Eg liker å vere her i Valldalen. Vi er eit godt team, nordmenn er venlege, og vi tener gode pengar, forklarar jordbæreksperten.

Ho hevdar at årets bær er den beste ho kan hugse, og at bæra nok utkonkurrerer bæra i heimlandet. – Men eg har gløymd korleis polsk jordbær smakar, fordi eg er jo her kvar sommar når det er jordbærsesong heime, ler Karolina.

Karolina har blitt ein erfaren arbeider i Valldalen, og driv med kvalitetssjekk av jordbæra medan vi snakkar med ho.

Sjølv om Karolina no er inne i sin tolvte sommar i Valldalen, er ho likevel ikkje den mest erfarne i familien sin. – Framleis er det nokre år opp til far min, som i år plukkar jordbær i Valldalen for tjuande år på rad, fortel ho.

Dagleg leiar i Valldal Grønt, Harald Valle, melder om få endringar i suksessoppskrifta som har gjort jordbæra frå fjordbygda så ettertrakta over heile landet.

– Vi er i rute, og den einaste bekymringa vi har no er vêret, seier han.

Han fortel at 300 arbeidarar no er på plass i Valldalen og at dei er klare for å plukke over 400 tonn jordbær gjennom sommaren, og størstedelen av arbeidarane kjem frå Polen.

På spørsmål om kva det er som gjer Valldal-bæra så spesiell, ler han og fortel ei historie om ein italienar som nyleg spurde om korleis dei klarte å få sukker inn i jordbæra. Han følger opp med å svare enkelt og greitt på spørsmålet: – Klimaet er vel nøkkelen til den gode smaken.

Klimatisk fordel

Styreleiar i Valldal Grønt, Jan Ole Fuglem, meiner suksessen har fleire faktorar, og hevdar at årets vêr har vore særs snille med årets bær. – Temperaturane har vore veldig bra i for bæra i det siste, og bæra har fått god tid på å modne, seier Fuglem, som er storfornøgd med arbeidarane som kjem til Valldalen for å plukke bær.

– Dei er veldig flinke og mange etter kvart veldig rutinerte, skryt Fuglem.

fornøgde: Styreleiar i Valldal Grønt, Jan Ole Fuglem, meiner at vêret har vore snille med årets bær. Han og dagleg leiar Harald Valle er klare for årets sesong. Foto: Marius Simensen