Sjåføren av bussen ved dødsulukka i Valldal i fjor sommar ber om erstatning etter at han satt 94 dagar i varetekt i samband med rettssaka.

Den ukrainske sjåføren blei i oktober i fjor dømd til 30 dagar i fengsel for å ha køyrt aktlaust i samband med ulukka. Då hadde han vore varetektsfengsla sidan ulukka skjedde den 30. juli.

– Han satt over 90 dagar i varetekt og blei dømt til 30 dagar. Vi meiner han er utsett for ei urimeleg behandling, seier advokat Erling Flisnes til smp.no. og opplyser at kravet blei sett fram i samband med at dommen vart rettskraftig.

Støtte frå kommisjonen

Torsdag kom ulukkerapporten frå havarikommisjonen som konkluderer med at vegstandarden og manglande skilting bidrog til at ulukka skjedde.

Advokat Flisnes meiner konklusjonane i rapporten styrkar sjåføren sin sak.

– Kommisjonen gjer slik eg oppfattar rapporten, eit hovudpoeng av at innsnevringa kjem overraskande på både bussjåføren og andre trafikantar.  Dei konkluderer med at føraren mangla informasjon om vegen. Eg meiner retten burde lagt meir vekt på dette, og at han såleis ikkje burde vore dømt til 30 dagar, men vore frifunne, seier Flisnes til smp.no.

Les også:

Havarikommisjonen: Vegen bidro til busstragedien

Vegvesenet vil gjere ny vurdering

(saka held fram under bilde)

Hadde 35 centimeter på sida

Sjølv om føraren mangla informasjon om at vegen var blitt smalare rett før ulukka, skriv kommisjonen at farta på 57 kilometer i timen var for høg sett i lys av dei marginane vegen ga.  I samband med ei avkøyring på Grønning blir fylkesvegen på staden innsnevra til 4,75 meter på ei rundt 200 meter langt strekning. Det gav personbilen og bussen 35 centimeter til rådigheit for å passere kvarandre.

Flisnes viser til bilde frå staden som blei vist i retten om korleis vegen blir oppfatta frå sjåføren si side.

– Det er ikkje lett å sjå, og er ei form for felle for trafikantane, meiner advokaten som påpeiker at desse argumenta også blei sett fram under rettssaka.

(saka held fram under bilde)

Snudde og skilta

Sjåføren forklarte at han ikkje var merksam på at vegen var blitt smalare kring 40 meter før bussen støytte saman med den møtande personbilen.  Etter ulukka blei farta på strekninga sett ned frå 80 til 50 kilometer på staden medan det blei gjort siktutbetringar og sett opp nytt rekkverk.

Ordførar fryktar fleire ulukker: Kvar blir det av strakstiltaka? (for abonnentar)

Kommisjonen var kritiske til at det blei gjeninnført 80-sone på staden utan at det blei gjort andre tiltak. Dette blei difor eit tema i høyringsrunda.

Vegvesenet har denne veka skilta med eit gult- og svart «sebraskilt» som varslar eit hinder i vegen. I september startar arbeidet med å utvide vegen på strekninga med ein meter.

(saka held fram under bilde)

Mista styringa

I samband med rettssaka var forsvararen til bussjåføren også kritisk til at det var teke ut tiltale før dei tekniske undersøkingane var ferdige. Flisnes meiner det ikkje kjem fram noko frå kommisjonen som sett den sida av saka i eit nytt lys. Men advokaten påpeiker at han ikkje har finlest rapporten fordi han for tida er på ferie.

Kommisjonen konkluderer med at sjåføren mista moglegheita til å styre bussen etter ha å treft personbilen, fordi styresnekka blei øydelagt i kollisjonen. Det førte til at bussen hamna velta ut av køyrebana og enda på taket i grøfta.

Ein av dei omkomne og mest alvorleg skadde, brukte ikkje bilbelte, noko rapporten påpeiker forverra utfallet av ulukka. Det kjem også fram at passasjerane hadde fått fleire oppmodingar om å bruke belte, og at dette var påbode.

Retten kom til at sjåføren ikkje kunne lastast for det alvorlege utfallet av ulukka, og frikjende han for aktlaust drap.

Les heile rapporten frå kommisjonen her (ekstern lenke)