Den tidlegare eigarlause bykatten «Snickers» går frå fang til fang på Ørskog sjukeheim. Her har han vore sidan desember. Først på prøve via Dyrebeskyttelsen, men den to år gamle hokatten fann seg raskt til rette på den skjerma avdelinga på sjukeheimen. Der finn ho alltid eit fang å ligge på, og ei venleg hand som vil stryke.

– Er du der då, pusen? seier bebuar Tora Muri mildt frå godstolen og stryk pelsen silkemjukt med håra. Ho er mellom mange på skjerma avdeling som finn stor kvardagsglede i å ha katt. Pusen kjem og går som han vil, og har base i eit hjørne på daglegstova der ho har både toalett, mat og eigen soveplass.

Dyreglad? Les fleire dyrehistorier på smp.no

Roande

– «Snickers» har fast plass i demensavdelinga, men vandrar også til andre avdelingar, fortel avdelingssjukepleiar Lone Barlindhaug.

Eige hjørne Kattedo, matskål, klorepinne og mange klappande hender. Kva meir kan ein katt ønskje seg?

– Det å ha dyr rundt seg verkar roande på mange bebuarar, seier Barlindhaug.

Sjukeheimen bestemte seg for å skaffe katt, og dei kontakta Dyrebeskyttelsen i Ålesund for å få ein vaksen katt på prøve. Før jul kom «Snickers», som fann seg raskt til rette. Det mest dramatiske av innkøyringsproblem har vore bykatten sine skortande ferdigheiter i treklatring. Naboen til sjukeheimen har skamklipt pæretreet i gjentekne forsøk på å berge ned ein nysgjerrig bykatt. Også brannvesenet har vore i aksjon for å berge «Snickers».

– Vi ser at katten har ein positiv effekt på mange, seier Barlindhaug. Mange er vande med å ha dyr, og for denne pasientgruppa er vande og kjente ting viktig, fortel Barlindhaug.

Tre høner i hagen

Dagens fangst Sjukeheimen har også eigne høner, og her sikrar avdelingssjukepleiar Lone Barlindhaug dagens produksjon.

Sjukeheimen har også tre høner, som er plassert ute i sansehagen like utanfor daglegstova. Dette er hønene til ei av dei tilsette, som er utplassert no i sommar på sjukeheimen. Det er fire veker sidan hønene kom, og dei produserer nok egg til ein fellesfrukost for heile avdelinga ein gong i veka.

«Snickers» kan gå dit han vil, men etter ein tur innom hjørnet sitt for ein matbit i eit anna rom, er han tilbake på ein stol i stova der bebuarane er. Klar for eit nytt fang.