Den 40 år gamle atomdrivne ubåten Dmitry Donskoy passerar Stadt i løpet av føremiddagen.

Det opplyser Elisabeth Eikeland i Forsvarets operative hovedkvarter til smp.no. Ho fortel at båten var vest Kristiansund klokka 09.30, langt til havs.

Forsvaret veit ikkje om båten er lasta med atomvåpen eller ikkje.

Målet for ferda er St. Petersburg der Vladimir Putin ventar, i samband med ein militærparade. For å rekke fram i tide, held båten og følgeskipet god fart. Ubåten er bygd for krig, og har vore ein del av Russlands atomprogram mot USA.

Nils Bøhmer i Bellona er uroleg for at ein så gamal ubåt passerar kysten av Norge utgjer eit akutt miljøtrugsmål.

– Eg er djupt bekymra for tryggleiken, skipet er gamalt, seier han til The Independent Barents Observer.

Russiske forsvarsmyndighetar har svara at alle sikkerheitsvurderingar er gjort.

Dmitry Dontskoy og følgeskipet Pyotr Veliky er dei to største russiske atomdrivne fartøya i verda.