Syklist omkom etter samanstøyt med søppelbil

Lokal mann i 40-åra omkom

Det har onsdag føremiddag vore ei ulukke på Kleiveneset i Stryn. Politiet stadfestar at ein person er omkomen.
 
Nyheter

Det var onsdag føremiddag eit samanstøyt mellom ein bossbil og ein person på trøsykkel på Kleiveneset i Stryn. Naudetatane og luftambulanse var raskt på staden, men livet til syklisten stod ikkje til å redde.

Operasjonsleiar Per Rimmen seier til smp.no at syklisten er stadfesta omkomen.

– Varsling av pårørande pågår og det er alt eg kan seie no, seier Per Rimmen til smp.no klokka 11.20.

Etterforsking pågår

Politiet opplyser ved 19-tida at dei har gjort etterarbeid i saka i heile kveld.

– Den avdøde er ein mann i 40-åra heimehøyrande i distriktet, opplyser operasjonssentralen til smp.no.

Dei pårørande er varsla.

Rimmen sa tidlegare onsdag at politiet har ei formeining om kva som har skjedd, men vil etterforske årsaka til ulukka vidare før ein går ut med opplysningar.

Til Fjordingen seier Rimmen at søppelbilen truleg stod stille.

– Etterforskinga tydar på at syklisten sykla inn i søppelbilen som sto stille i vegen. Utfallet av dette var at syklisten omkom.