Rettsvesenet i Russland skal ta stilling til om Herøy-båten har fiska utan lisens. Båt og mannskap blei i mai halde tilbake i om lag tre veker fordi eit skjema frå Fiskeridirektoratet var fylt ut feil.

Ei avgjerd er venta tidlegast om to veker, opplyser dagleg leiar Olav Remøy i Remøy Havfiske til smp.no, som påpeiker at reiarlaget meiner dei ikkje har gjort noko ulovleg. Saka har også vore gjennom ei tidlegare rettsrunde i sommar.

Reketrålaren «Remøy» Foto: Fiskebat.no

Russiske styresmakter la først på bordet eit krav om kausjon på 90 millionar kroner. Saka skapte politisk debatt om korleis norske styresmakter skulle handtere situasjonen. 1. juni blei trålaren sett fri frå arresten utan at det skal ha vore betalt kausjon.