– No eksploderer det. Endeleg, dette har vi venta lenge på, strålar fruktdyrkar Elida Brenna Linge.

Ho har værstasjon på garden sin, som mellom anna måler temperatur og nedbør for vêrmeldingstenesta yr.no.

Kan sjå at bæra modnar

Ved 14.30-tida torsdag vart det målt 21,4 deilige varmegrader i den lune fjellsida ovanfor den speilblanke Norddalsfjorden.

Og temperaturen var då framleis på stigande for dagen.

– Dette er fantastisk, no kan du sjå at bæra modnar i løpet av dagen, smiler sjette generasjon drivar på familiegarden.

Der dyrkar dei morellar, bringebær, plommer, eple, pærer og surkirsebær.

Seinare enn vanleg

– Om været held seg slik, så reknar eg med at dei første morellane er klare over helga. Bringebæra må vi vente enno litt lenger på, fortel Linge.

I år har vêret gjort at både morellane og bringebæra vert modne seinare enn normalt.

Valldal-jorbæra er ekstra søte i år, fordi dei har brukt lang tid på å modnast. Slik er det også med bæra.

Mange ventar på morell

Morellane frå garden vert for det meste selt direkte til kundane, nede på ferjekaia eller på låvebrua.

Det er mange som no ventar på sin del av dei totalt to-tre tonna med morellar frå frukthagen til Elida.

Som i tillegg til å drive gard og heim på Linge, også arbeidar som kunstnar.

28. juni varmast hittil

Og så passar ho Linge målestasjon, då. Akkurat det er ikkje så mykje arbeid, sidan det meste er heilautomatisert.

– Vi som driv med dyrking av frukt og bær er heilt avhengig av denne målestasjonen, seier ho.

Den måler temperatur i både luft og jord, luftfukt, nedbør, vind og til og med globalstråling - noko som kan forklarast som summen av direkte solstråling og spreidd stråling på eit avgrensa areal.

Sjølv om temperaturen bikka gode 22 grader på Linge torsdag, så var det ikkje den varmaste dagen i året hittil.

– Det var den 28. juni, då det vart målt 26,3 grader. Det var samtidig den kaldaste dagen hittil i sommar, med berre 6 grader på natta, fortel Elida Brenna Linge.

I fjor var høyaste temperatur på Linge målt den 21. juli - då var det heile 30,8 grader.

I lag med dei fleste andre, gleder Elida seg over strålande meldingar for dagane som kjem.

– Ja, måtte det berre vare.

Må ein vente enno ei stund på. Foto: Marius Simensen
I tillegg til å jobbe som fruktdyrkar og kunstnar, held Elida Brenna Linge kontroll med den offisielle målestasjonen for vêret på Linge i Norddal. Foto: Marius Simensen
Like over den speilblanke Norddalsfjorden trivst både frukt, bær og folk ekstra godt. Foto: Marius Simensen