– Det er en uforståeleg reaksjon og en reaksjon vi ikkje kan akseptere sett frå norsk side. Min oppmoding til dei som har vore involvert i saka frå politisk hald, både utanriksminister og fiskeriminister, er at dei grip fatt i den og bidreg til ei løysing som er akseptabel for alle partar, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt til smp.no.

Les også: Får 30 millionar i bot frå Murmansk

Bakgrunnen for at konflikten oppstod var ein skjemafeil gjort av Fiskeridirektoratet.  Reiarlaget har heile tida opplyst at dei fiska i god tru og at dei ikkje har gjort noko ulovleg.

– Du meiner styresmaktene har eit økonomisk ansvar?

– Vi meiner ansvaret for feilen ligg hos norske styresmakter og at utanriksministaren eller fiskeriministaren må rydde opp. Korleis dei vil gjere det, må departementa finne ut av, seier Mårak.

Vil be om nye møter

Advokat Richard Bjerk opplyste til smp.no onsdag at reiarlaget vil ta stilling til ei anke når grunngjevinga for bota kjem om nokre veker. Onsdag var det berre sjølve slutninga som blei kjent.

– Fiskeridirektoratet har vore klare på at dei gjorde ein miss ved lisenssøknaden og styresmaktene har erkjent at det er tilfelle. Om dei også tek det økonomiske ansvaret, står att å sjå, seier Maråk i Fiskebåt.

(saka held fram under)

Havfiskarane sine organisasjon har saman med reiarlaget vore i samtalar, mellom anna med utanriksminister Børge Brende og fiskeriminister Per Sandberg, både medan båten låg fast i Russland og etterpå. No vil Maråk be om nye møter så snart som råd.

– Vi har vore samde om å ta opp igjen samtalane når vi fekk avklart reaksjonen frå russisk side. Men den er uansett ute av alle proporsjonar og her kan ein velje å gå vidare med saka i rettssystemet, påpeiker han.

Samanliknar med EU-tilfelle

Maråk dreg parallellar til eit EU-fartøy som nyleg blei teke for feilrapportering i sildefiske i Nordsjøen. Her fekk skippar og reiarlag reaksjonar på drygt 300.000 kroner etter to dagars behandling, ifølgje Maråk.

Remøy Havfiske har allereie hatt betydelege utgifter med saka og til den er avklart, er det lite aktuelt å reise på rekefiske i russisk farvatn.

Organisasjonen Fiskebåt har tidlegare ikkje avvist at det kan vere aktuelt å fremme krav om erstatning i sak. Det er lite truleg at reiarlaget får dekt utgifter frå forsikringsselskapet sitt.