Sjå video frå Utvik sentrum over - foto: Ronny Rustøen Sjå fleire bilde under saka

Meteorologisk institutt og NVE sendte ut åtvaring om at det var fare for lokale oversvømmingar, jord og flomskred grunna regnbygene søndag og natt til måndag.

Det slo til for alvor i Nordfjord der store vassmengder etter regnet stengte veger og øydela bygningar. Også enkelte hovedveger lengre sør og vest er stengt.

Det er framleis fare for fleire kraftige regnbyger med torden, men nedbøren minkar måndag kveld, ifølgje OBS-varselet ved 12-tida.

Full oversikt over vegmeldingar under

Tok brua

Verst verkar situasjonen å vere i Utvik der naudetater og kommunen sine folk jobbar med å få kontroll på store vassmengder.

Smp.no sin reporter, Knut Arne Aarset, fortel at bygda er delt i to av flaumvatnet og det ligg material overalt etter at vatnet øydela på trelastlageret. Også rundballar, tilhengjarar og bilar er tekne av vassmassane samen med ein ballbinge og ein åker med nypoteter.

(saka held fram under bilde)

Litt etter klokka 11 jobba framleis vatnet med stor kraft mot fleire utsette hus og veger.

Sjå video: Flaumvatnet tok brua

Ein politimann på staden fortel til smp.no at brua over fylkesvegen ved sentrum rauk ved 11-tida og at vatnet trugar tre andre bruer lengre opp. Fordi vatnet gjer det vanskeleg å ta seg rundt, er det førebels ikkje muleg å kome til med gravemaskinar eller anna utstyr.

– No kan vi ikkje gjere så mykje anna enn å vente. Det kjem framleis mykje vatn frå sideelvar som fyller opp, seier tenestemannen.

Folk evakuerte

Fleire menneske er evakuert frå bygg i sentrum, fortel Fjordingen sin reportar på staden, Roy Aron Myklebust.

– Vatnet fløymer overalt. Store mengder material og utstyr blant anna frå Utvik Bygg er blitt tekne av dei frådande vassmassene. Fleire hus og bygningar står midt i det som ser ut som ein stor, brei elv. Halve vegbana ovanfor Utvik sentrum framstår som eit einaste krater etter vatnet sine herjingar, seier han til lokalavisa Fjordingen.

(saka held fram under bilde)

Mellom anna ei garasje er teke av vatnet ved Utvik, ifølgje ei melding på

Twitter

frå politiet og ein må rekne med stengte vegar i området.

Kaller inn båtar

Raude Kors er på veg til staden med fleire båtar og ei redningsskøyte frå Fosnavåg er også på veg.

I følgje Nrk Sogn og Fjordane skal 12 personar ifrå Sivilforsvaret hjelpe til med laumen. Seks frå Førde reiser til Breim, og seks frå Eid reiser til Utvik.

– Det kan bli aktuelt å kalle ut fleire, seier sivilforsvarsadjutant Irene Ekrene til NRK.

Dei 12 skal hjelpe til med evakuering og trafikksikring.

E39 var stengt

I Oldedalen i same kommune er fylkesveg 724 stengt ved Sandnes som følgje av ras, ifølgje lokalavisa Fjordingen.

I Eid blei E39 stengt på Nes etter ei jordras. Raset gjekk ved Nesjartun camping, men vegen blei opna etter om lag ein time, ifølgje lokalavisa Fjordenes Tidende.

Lengre sør er E39 stengt vest for Reed og ved Kvila i Breim måtte ei bustadhus evakuere etter at elva tok ein ny retning.

Avisa Fjordingen skriv at begge hovudvegane mellom indre og midtre Nordfjord og Sunnfjord er stengde.  Fylkesveg 60 ovanfor Utvik er fullstendig rasert.

Mellom Sandane og Byrkjelo skal vegen vere stengd fleire stader, men ifølgje politiet i Sogn og Fjordane vart E39 mellom Sandane og Breim opna for vanleg ferdsel like etter klokka 15.

Omkøyringsvegen mellom Nordfjord og Sunnfjord vert dermed fylkesveg 615 om Hyen.

Fylkesvegen mellom Utvik og Tistam er stengt på grunn av flaumen.

(saka held fram under bildet)

– Vi har ikkje heilt kontroll. Fleire hus er evakuert og vi håper det roar seg snart. Det er ville tilstandar. Elva går rett i huset og kjelleren er full av vatn. Det er fleire som har kjelleren full av vatn, seier Joar Flølo i brannvesenet i Gloppen kommune til

NRK

.

Også lengre øst i Gudbrandsdalen er E6 stengt mellom Kvam og Frya i morgontimane måndag.

Straumbrot

I Hornindal har mange vore utan straum i fleire timar. Klokka 11 kom det ei oppdatering ifrå Mørenett om situasjonen.

– Dei som er straumlause no er heile området Ytrehorn til skisenteret, Otterdal, Horndalshytta, Lien til Lund, og området frå Kirkhornsbakkane til Tomasgard- På Navelsaker er det halv spenning. Vi ha funne fasebrot, og det er fleire feil på grunn av lyn og det er framleis lyn i lufta. Rettetida er uviss, beklagar Mørenett på heimesidene sine.

Hald deg oppdatert - sjekk lenkene

Sjå siste meldingar på Twitter frå vegvesenet frå Nordfjord/Region Vest

Sjå siste meldingar på Twitter frå vegvesenet frå Sunnmøre/Region Midt-Norge

Sjå vegmeldingar i kart på Statens vegvesen sine sider (ekstern lenke)

Sjekk veg og føreforhold for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Sjekk veg og føreforhold for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)

Utvik i Stryn blei delt i to av flaumvatnet måndag. Foto: Knut Arne Aarset
Flaumen reiv med seg brua over fylkesvegen i Utvik ved 11-tida måndag. Foto: Knut Arne Aarset
Store vassmengder herja i Utvik sentrum tidleg måndag. Foto: Ronny Rustøen/Fjordingen
Vatnet flaumer nedover i Utvik i Stryn. Foto: Ronny Rustøen/Fjordingen
Slik såg vegen i Oldedalen ut etter at ei ras drog med seg stein og masser over vegen. Foto: Per Rune Sunde
Det er stor turisttrafikk i Oldedalen i sommaren. Måndag var det fleire stengte vegar i området. Foto: Knut Arne Aarset