(Fjordingen.no) Ordførar Sven Flo kom med følgjande oppdatering då han snakka med Fjordingen måndag ettermiddag:

- Når det gjeld brannen på Blakset i natt så har brannvesenet kontroll på den, og det vart utført ettersløkking utover føremiddagen. Politiet har stengt av området og huseigar har fått tilbod om støtte.

I Vikane, og primært i Utvik, er det store utfordringar og skader grunna flaum. Evakuering av fastbuande og turistar vart gjennomført med båt til IMI-hotellet i Innvik. Dei som ønskjer det vil få tilbod om busstransport til Stryn.

Vassverket i Utvik er sett ut av drift, men ein tankbil er på plass slik at fjøsane kan få vatn. Kommunen har avtale med butikkane i Vikane om at dei som treng forsyningar av mat og drikke får det.

850 abonnentar er framleis utan straum. Det gjeld abonnentar i Vikane, Olden, Oldedalen, Oppstryn, Vikalida i Stryn sentrum, Sætren og Langesethøgda. Arbeidet med å få straum til abonnentane er utfordrande på grunn av veret.

Vegen til Oldedalen er open, men vi følgjer situasjonen nøye og får kontinuerlege oppdateringar. Det same gjeld andre vegsamband.

Statens vegvesen håpar at vegen over Utvikfjellet kan opnast innan ei veke. Stryn kommune har dialog med fylkeskommunen om løysingar til transport og omkøyringar. E39 i Gloppen vart opna for alle køyretøy måndag ettermiddag, dette vil lette trafikkavviklinga.

Eg vil rose lokalbefolkninga og nødetatane som har stilt opp og avgrensa skadeomfanget i kommunen. Det har blitt lagt ned ein formidabel innsats, avsluttar Flo.

Etter eit nytt møte i ettermiddag vil ordføraren saman med ein delegasjon reise til Vikane for nye oppdateringar, og dei vil også sjå øydeleggingane på nært hald.

Denne saka var først publisert i Fjordingen.no