Det skriv Fjord1 under trafikkmeldingar på si heimeside. Grunne skal vere tekniske problem. Like etter klokka 14.00 skriv Fjord1 at det blir sett opp avgangar med skyssbåten «Øyglimt» frå Torgkaia i Måløy. Den tar ikkje bilar.

Tysdag ettermiddag melde Fjord1 at ferja var igang igjen, men i 20-tida kom det ny beskjed: Ferja er innstilt grunna tekniske problem.

Seint tysdag kveld opplyser Fjord1 at dei prøver på nytt og forventar normal drift frå onsdag morgon.