Køyrer du gjennom Stordal, passerer du eit heimesnikra skilt. På skiltet står det skrive, med store oransje blokkbokstavar: HONNING. Følger ein skiltet kjem du til eit lite småbruk drive av Magnar Vad. Han har har produsert honning dei siste 27 åra.

– Eg ser på det meir som ein hobby og ikkje jobb, sjølv om at det absolutt er profitt å hente på å ha bikubar i sving, forklarer han.

Honningentusiasten viser oss rundt på småbruket og tek oss med til skogen der han har bikubane sine. Han fortel at skog og skugge er ideelle forhold for biene.

Tusenvis av bier

– Kubane har varierande tal med bier. Dei dårlegaste har rundt 5.000 og dei største opptil 50.000, forklarer Magnar i det vi er framme ved bikubane hans.

Men det er ikkje berre her på garden han har kubar. Han har også instalasjonar på Sjøholt og i Liabygda som han haustar honning frå. I alt driv han ein småskalaproduksjon med 30 kubar.

Magnar syner oss kubane Han løftar på dei og biene svirrar rundt han. Med så mange bier kan ein ikkje vere redd for å få seg nokre stikk.

– Det er klart eg blir stukke. Skal man jobbe med bier er det nærmast ei sjølvfølge at ein får nokre stikk. Spesielt når ein slurvar og ikkje har på seg skikkeleg verneutstyr, fortel Vad.

– Slurvar du mykje?

– Tja, det hender jo det, seier Magnar og flirer. Han er usikker på kor mange biestikk han får i løpet av eit år.

300 kilo

Turen går omsider inn i kjellaren i huset til Magnar. Her har han sitt vesle lager kor han oppbevarer honningen som han har produsert.

– Eg produserer circa 300 kilo honning i løpet av eit år, og dei må lagrast relativt kjølig, forklarer Magnar medan han lettar på ei tvoge og avslører krukkevis med honning.

Interessa for hobbyhonningen er stor blant lokale butikkar og forbipasserande turistar, ifølgje Vad. Han visar oss også klistremerka som han set på krukkene sine.

Innhausting

I løpet av dei neste dagane skal han hauste årets sommarhonning. I august skal hann hauste lynghonning.

– Sommarhonning er lys og søt, mens lynghonningen er fyldigare med meir næring, forklarer Vad.