I følgje dommen frå søre Sunnmøre tingrett fann politiet seks gram amfetamin hjå kvinna under ei ransaking i mars.

Det mest alvorlege tiltalepunktet var likevel ei valdsepisode som skal ha skjedd i 2015.

Her skal kvinna ha slått ei venninne fleire ganger i andletet med knytta hand. Under basketaket tok ho ein kniv som ho heldt framfør seg. Ho rispa venninna i brystet med kniven, men  hevda i retten at dette ikkje var tilsikta.

Ho blei og dømd for tjuveri av fire truser frå ein Cubus-butikk i Trondheim. Dei var til ei venninne, forklarte ho til retten.

Under rettssaken forklarte kvinna at ho hadde eit rusproblem, men no har ho endra livet sitt.