Direktør Sindre Mjelva ved Hotel Union i Geiranger er kritisk til ein overforenkla debatt om turistskatt der ein stiller eit lettvint ja/nei-spørsmål.

Slit med forsøpling og avføring – no krev politikarar turistskatt

– Vi må spørre oss: «kven skal betale, kor og kvifor» og «kva skal pengane eigentleg nyttast til», seier han indignert.

Han er opptatt av at tiltaka må treffe på riktig måte. Dersom spørsmålet må besvarast med eit enkelt «ja» eller «nei» svarer han det siste. Men eigentleg har han ikkje lyst til å ytre seg på den måten.

– Vi treng debatten, men vi må få fakta på bordet!

Kritisk til å bryte med allemannsretten

Det blir meldt om turistrekordar over heile landet. Verdsarvstaden Geiranger er eit symbol på norsk skjønnheit, men også på overveldande turistflaum. Med 800.000 besøkande i året er belastninga på lokalmiljø og infrastruktur betydeleg.

Derfor raser no ein nasjonal debatt om det no er naudsynt å skattelegge turistane. Aftenposten konkluderar med «ja» på leiarplass, Dagbladet med «nei».  Vil krav om å legg att nokre ekstra kroner skremme vekk turistane?

Direktøren vil altså ha ein meir kunnskapsbasert debatt.

Og han stiller seg i utgangspunktet kritisk til å bryte med allemannsretten. Tradisjonanen for å kunne ferdast fritt i naturen, berre ein viser tilstrekkeleg omsyn, har vore juridisk beskytta sidan 1957 i Norge.

Sjølv om det er meldt om krisetilstand, er det ikkje alle som opplever det slik.

Olden har førebels kontroll

Odd Jarle Kvamme er dagleg leiar i Olden Adventure, Stryn kommune. Dei tar i mot cruiseturistane som legg til kai i Olden inst i Nordfjorden.

– I motsetning til i Geiranger, tar vi i mot berre eitt cruiseskip om gongen.

I Olden har turistnæringa ein eigen dugnadsgjeng som plukkar søppel kvart år.

– Vi har kontroll, det er ikkje så mykje forsøpling. Og det som er av luftforureining er nok først og fremst berre eit visuelt problem, seier han.

Han vil, i likskap med Mjelva, ha eit nyansert forhold til saka.

– Ja, vi kunne skattelagt turisme, men då måtte det slått likt ut for dei ulike selskapa, og det måtte skjedd på ein måte som ikkje skremte vekk turistar, seier han.

Aktørar i turistnæringa vil altså først ha konkrete planar og kunnskap, før dei kan seie ja til nokon turistskatt.