Per Eivind Fylling kan godt forstå at yachten har slått seg til ro inst i Hjørundfjorden.

– Det kan eg godt forstå. Her er det absolutt stilt og roleg, og ikkje så mykje folk som fer forbi, seier Fylling, som til dagleg bur like ved Volda sentrum.

Yachten heiter «Gene Machine», og er eigd av ein amerikanar, ifølgje svenske Göteborgs-Posten. For ei veke sidan vekte yachten oppstandelse då den besøkte Trollhättan. Eigaren skal ha utvikla instrument for sekvensering av genene, ifølgje avisa. Om det er eigaren som bruker båten no er ikkje kjend.

Tidlegare i sommar har den 55 meter lang yachten også besøkt Amsterdam og London, ifølgje Superyacht Times.

Motorferdsel ved Bjørkeelva

– Det som ikkje viser på bildet er to motoriserte brett eller hydrofoilbrett som dei flyg på like ved munninga til Bjørkeelva. Og i stad var det to som raste rundt med vannskuter, fortel Fylling, som sjølv har tatt turen til Bjørke i ferien. Bjørkeelva er lakseelv, og Fylling er usikker på om den motoriserte aktiviteten er så bra for laksen.

Ivrig sportsfiskar Knut Magne Årseth frå Volda er ikkje spesielt begeistra dersom det går føre seg motoraktivitet ved elveosen.

– All aktivitet i osen vil føre til at laksen blir skremd derifrå. No når elva er lita er laksen ekstra var. Eg vil tru at det er svært uheldig for laksen, meiner Årseth. Det er kommunane som regulerer motorisert ferdsel på sjø, elv og vatn.