Regjeringa vil ha forureinande cruiseskip ut frå norske verdsarvfjordar. Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) har bede Sjøfartsdirektoratet om å utarbeide eit regelverk for skipstrafikken i fjordane for å få ned nitrogenoksid og svovel, og også å forby kloakktømming frå cruiseskipa.

No ber Stranda hamnevesen og Aurland hamnevesen om eit møte med Sjøfartsdirektoratet. Ordførarane ønskjer også å delta i møtet.

– Nye miljøkrav og strengare regelverk må etter vårt syn vere nasjonalt og gjelde for alle område i norsk farvatn, slik at ein får ein reell miljøeffekt og unngår ei uheldig konkurransevriding. Miljøpåverknaden er lik for alle sjø- og fjordområde, skriv dei i eit brev til direktoratet.

– Våre kommunar er opptekne av å få til gode miljøløysingar, samtidig som vi kan sikre gode naturopplevingar for våre gjester og sikre lokal næringsutvikling, skriv dei vidare. Brevet er signert styreleiar Olav J. Bratland i Stranda hamnevesen og Noralv Distad i Aurland hamnevesen.