– Det vil ikkje skje i nærleiken av Trollstigenplatået, men mest på strekninga i Norddal og mellom Ørnesvingen i Geiranger og Valldal. Det er eitt grensetilfelle kva vi kan tillate, men vi trur vi skal klare fem- til ti minutt stopp på dette strekket, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen til avisa. Perioden med stenging starta allereie torsdag føremiddag og held fram til søndag ettermiddag.

Dilemma

Til smp.no fortel Tønnesen at det heile tida blir ei vurdering av kva som kan tillatast utan at det skal gå utover trafikantar.

– På den eine sida skal vi avgrense skadeomfanget for bilistane. På den andre sida er dette samfunnsmessig bra for Norge. Det blir god reklame og eit utstillingsvindauge overfor omverda. Det blir eit dilemma, seier han.

Vegen blir no stengd i opp til ti minutt om gongen i tidsrom utanfor dei mest kaotiske tidene på dagen.

– Vi passar også på at vi ikkje stengjer av for kollektivtransporten, og ambulansen skal jo kome seg fram om han treng det. Det er mange faktorar vi må tenkje på. Tønnesen fortel at det i hovudsak er strekket frå toppen av Ørnesvingane og eitt stykke oppover i Valldalen som blir stengt av. Vegen opp til Trollstigen blir ikkje stengt.

– Vi har valt å ikkje stengje dei aller mest belasta områda. Derfor stengjer vi ikkje vegen heilt opp til Trollstigen på Valldal-sida.

Les også historia om Trollstigen: Den lange vegen mot Trollstigen

Mange førespurnader

– Får de mange slike førespurnader på sommaren?

– På sommaren? Vi får det heile tida. Det er flest reklamefilmar, men også ein del spelefilmar og tv-team. I fjor sommar hadde vi ein stor indisk produksjon som kom for å filme Atlanterhavsvegen. Desse turistvegane er svært ettertrakta og populære, seier Tønnesen, som understrekar at hovudfokus heile tida blir å ta vare på trafikantane.

Ikkje høyrt om kaos

Torsdag føremiddag starta den periodevise stenginga av vegen. Fredag føremiddag har ikkje Tønnesen høyrd noko om kaos eller frustrerte bilistar.

– Eg har registrert nokre kommentarar på Facebook, men vi har ikkje høyrt noko om trafikale problem, seier han.