(Sunnmøringen): Ein turist frå England skriv i ein e-post til klima- og miljøminister Vidar Helgesen at han nyleg har kome heim frå eit veldig hyggeleg besøk i Norge, men at delar av ferien blei øydelagt av luftforureining.

I slutten av juni budde turisten på eit hotell i Geiranger. Opphaldet var på to netter, og på dag nummer to låg det to cruiseskip i fjorden.

– Dei pumpa ut dieselgassar heile dagen. Det var vindstille denne dagen og fjorden var full av eksos, noko som var spesielt merkbart på høgda over bygda, skriv han.

– Eg kom til Norge for den friske, reine lufta og blei sjokkert over at desse fartøya fekk lov til å gjere dette. Fjorden skulle ha vore nydeleg, men det var den ikkje denne dagen. Dersom fartøy ikkje kan rydde opp i eigne utslepp, kvifor gir du dei lov til å vere i denne vakre fjorden?, spør turisten avslutningsvis.

Saka blei først publisert i Sunnmøringen.