(Fjordingen): – Vi er audmjuke og utruleg glad over at vi kom oss til toppen i Skandinavia og Baltikum som einaste hamn i Norge. Eg trur årsaka til det gode resultatet er den fantastiske mottakinga av gjestane i Olden, og den fantastiske naturen i området, spesielt Brikdalsbreen. Det er ikkje alle plassar i Norge der cruiseturistane blir like godt tekne imot som i Olden. Det er fantastisk at ei bygd med 600 innbyggjarar ligg i toppen, i same selskap som fire millionbyar. Vi vil bruke denne kåringa til å  promotere området mot nye reiarlag vi enno ikkje har hatt besøk av, og sidan det er gjestane som kårar, så har det stor tyngde. Det har derfor stor verdi for oss, seier Sølve Oldeide i Nordfjord Havn IKS til Fjordingen.

Gode anmeldelsar

Dei som klagar på prisane er likevel oftast svært positive til resten. Både guidane, aktivitetane og naturen får skryt frå turistane. Avstemminga samlast opp årleg, og det blir kåra vinnarar på verdsbasis og regionalt. Resultatet har stor promoteringssverdi for destinasjonane si salgskraft overfor reiarlaga.

Glad og stolt ordførar

Saka blei først publisert i Fjordingen.