Gav fire millionar til breiband og ny bussrute:

Sanner med pengegåve hyllar Volda og Hornindal

Kommunalminister Jan Tore Sanner hyllar prosessen rundt samanslåinga av Volda og Hornindal kommunar. Tysdag hadde statsråden med seg fire millionar kroner til nye Volda kommune.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har stor sans for det arbeidet ordførarane Jørgen Amdam i Volda (t.v.) og Stig Olav Lødemel i Hornindal gjer i samband med at dei snart vert felles kommune. Tysdag hadde statsråden med seg fire millionar kroner i belønning for at dei inngår ekteskap.   Foto: Roy-Arne Folkestad / Mørenytt

Nyheter

(Mørenytt): – Eg synest det er ein imponerande prosess som no går føre seg mellom Volda og Hornindal. Kommunane starta med naboprat her og der før dei valde å gå saman gjennom ei god løysing. Og no opplever dei at å skape ein ny kommune gir ny energi. Kommunane ser at ting kan gjerast annleis og på nye måtar, og dei kan ta med det beste inn i nyekommunen, seier kommunalministeren.