Magnhild Hjelle på 100 år og Gunnhild Lyse på snart 104 år er nokre av dei som brukar el-sykkelen ofte. Begge er bebuarar ved Solbakken omsorgssenter. Hjelle er oldemor til Reidun Flydals døtrer. Flydal tok bilete av 100-åringane på tur.

– Eg var ute og heldt på med noko i hagen då eg såg nokon som vinka. Det var rørandes og kjekt å sjå, seier Flydal, som sjølv er sjukepleiar i heimetenesta

Ho tykkjer el-syklane er svært positive for dei eldre på omsorgssenteret i Stranda.

– Dei på biletet er spreke og går for eiga maskin, men sykkelen blir brukt til å kome seg lenger. Det betyr mykje for både trivsel og helsa. Dei får kome seg ut og nyte frisk luft og møte kjentfolk, fortel Flydal.

Eit spleiselag

– El-syklane er kjempedyre. Kommunen kunne ikkje ha kjøpt inn dette sjølv, fortel Gjerde.

Gjerde seier at sykkelen har blitt populær blant dei eldre. Dagleg er dei 14 tilsette ute og syklar med bebuarane i vogna på sykkelen.

– Nokre av dei eldre var skeptiske i starten. Men så drog den eine ut, og så den andre. No er sykkelen populær. Det er ikkje alle som er i form til å gå så langt. Det er fint at dei får sjå omgivnadar som dei ikkje har rundt seg til vanleg. Dette gir dei eldre tilbod om å vere ute i naturen, fortel Gjerde.

Omsorgssenteret har rundt 20 bebuarar. Ho seier at dei skal bruke sykkelen så lenge det er vêr til det.

– Der er kalesje på sykkelen, så det er mogleg å sykle i regn også. Det blir ikkje lange turar i kilometer, men dei stoppar og pratar med folk. Så dei er ofte ute i ein time, forklarar Gjerde.

Gjerde seier at dei tilsette også er glad ta seg ein tur med sykkelen, og at dei tilsette er flinke å bruke den.