Det skriv Bergens Tidende på si heimeside. Ordførar Sven Flo i Stryn kommune er bekymra for at fleire bedrifter inst i fjorden skal tape store pengar etter flaumen. I Innvik er det full stans i handelen.

– Det har vore veldig stilt sidan flaumen. Vi må kutte bemanninga her og berre førre veke tapte vi ein million kroner. Det er no på sommaren vi tener pengar, seier Katrin Skåden, butikksjef ved Skogstads utsal i Innvik.

Sommaren er den travlaste tida for fleire av bedriftene, men etter flaumen har trafikken over Utvikfjellet og gjennom Utvik vore stengd. Statens vegvesen opplyser til avisa at det gjennomsnittleg passerer 2200 køyretøy i løpet av juli og 1800 i august.

– Det er jo ikkje turisttrafikk forbi i det heile. Vi er fullstendig avhengige av inntektene desse sommarvekene for å kunne halde opent resten av året. Vi låg så godt an i juli, og så kom dette, seier Trude Presthus, som driv Cafe Go' Beten i Innvik til avisa.